Større enn bryllup

”Og der sitte han. Eg veit det er teit, eg er tross alt 27 år i dag, 22 år då. Men der sitte den andre mannen i mitt liv. Martin Skrtel. Og tru meg, eg var ikkje forberedt. Du veit hysteriet når Justin Bieber kom til Norge? Eller korleis alle var i forhold til Spice Girls på 90-talet? Der har du meg. Tårene berre spruta.”

Av Tonje Solheim

Ein gong på hausten i 2012 fekk eg telefon frå ho som no er kona til bror min. «Har du sjekka postkassen i dag?»

Mens ho framleis var på linja, sjekka eg posten. Der låg invitasjon til bryllaupet deira, 8/3. På Anfield. Eg hadde aldri vore på Anfield før, og blei ganske gira av tanken på at eg endelig skulle få oppleva byen og stadion. Og kamp sjølvsagt, dagen etter bryllaupet var det Liverpool mot Tottenham.

Som student skrapa eg saman pengar, bestille billigaste flybillett eg fant, og vende snuten mot Gardemoen. Kor det sjølvsagt er tekniske problem. Heldigvis var det langhelg, og nokre timar til og frå hadde ingenting å sei.


Liverpool var fantastisk. Eg brukte heile fredagen på å gå rundt og bare sjå. Og laurdagen gjekk sjølvsagt i bryllaup. Heile dagen føregjekk på Anfield, både seremoni, middag og festen etterpå. Eg hadde sjølvsagt Liverpool-raud kjole på meg, sjølv om det i følgje enkelte tradisjonar betyr heilt andre ting. Me fekk guida tur på stadion og eg var i himmelen heile dagen.

Bryllaupet var fantastisk. Sjølvsagt var det fantastisk. Men min første kamp var enno meir vedunderleg. Og eg er Liverpool-supporter, ikkje nokon tvil om det. Men eg har og alltid brent litt ekstra for Skrtel. Når han var god, då var han GOD. Han varma opp denne kvelden, men kom aldri på banen. Det hadde ikkje noko å sei eigentleg. Gerrard såtte straffe, me slo Tottenham.

Som alle andre som har vore på kamp sikkert veit, er det ikkje så enkelt å komme seg tilbake frå byen etter kamp. Og heilt ærlig, så hadde eg det ikkje så travelt. Eg var blant dei siste som gjekk frå tribunane, etter å ha blitt jaga ut. Eg og ein liten del av brudefølgje gjekk på ein bar, og venta på drosje. Eigentleg hadde me det travelt, alle skulle på fancy restaurant etterpå. Men eg er kresen, og var mett på opplevingar, og eigentleg ganske sliten på dette tidspunktet.

Me kom oss ned til sentrum, og bestemte oss for å finne noko lite å ete ein anna plass. Alle var slitne, bare kasta på oss andre kler enn drakt, og var klar for pizza og pasta.


Me gjekk oppover ei gate, og fann omsider ein italiensk restaurant. Il Forno. Blant dei som var med her, er eine kompisen til bror min. Eg kjenner han ikkje så godt, men me ser kampar i lag i blant. Me sett oss ned, han rett ovanfor meg. Så seier han; «Ikkje snu deg no då, Tonje». Dette er ein sånn type som held maska si godt, for å sei det sånn. Eg snur meg, og ser trappa ned til toalettet. Tar ikkje heilt humoren. «Andre vegen, då».

Og der sitte han. Eg veit det er teit, eg er tross alt 27 år i dag, 22 år då. Men der sitte den andre mannen i mitt liv. Martin Skrtel. Og tru meg, eg var ikkje forberedt. Du veit hysteriet når Justin Bieber kom til Norge? Eller korleis alle var i forhold til Spice Girls på 90-talet? Der har du meg. Tårene berre spruta.

Øystein, kompisen til bror min, går bort til Liverpools forsvarskjempe. Eg sit stiv som ein pinne, vågar ikkje snu meg. Øystein kjem tilbake, set seg ned, og seier ikkje noko. Eg trur nok han synes situasjonen var morosam. «Han skal berre ete ferdig, så kan du få ta bilde med ham».

Eg har i etterkant sagt til alle at den helga var enno meir fantastisk for meg enn for brudeparet! - I og med at eg ikkje er gift enno, så held eg på den teorien.

Del din historie her

Med Liverpool FC Mastercard har du... 

 - en rekke fordeler på Anfield.
- reiseforsikring inkludert i kortet om du betaler reisen med det.

Søk om kortet   Les mer om fordelene